Koseleg å sjå at så mange har skrive helsingar på bløggen min. Det set eg pris på! Fortsett med det.
I dag har me hatt gjennomgang av modellstudiet vårt, der me presentera tre forslag i ein "mock-up modell". Spanande å sjå alle forslaga til resten i klassa. Mykje bra!
Var på ei forelsing i emnet tendensar i landskapsarkitektur i dag. Gjesteforelesar Todd Saunders, arkitekt frå Cananda. Svært inspirerande presentasjon av ulike prosjekt. Særleg to eg la godt merke til, legg ved bilete av desse. Utruleg kult! Dei som har litt interesse for arkitektur, bruk av tre, men samstundes er litt motstandar av hus som kun ser ut som firkanta kasser med flatt tak, bør sjå på
www.saunders.no.
Avslutta dagen med spinning 2, der alt frå tekno til Dovregubbens hall vart spela. Knall time!
I morgo skal eg for andre gong i mi tid som student, sitje på lese sal. Som Camilla kommenterte , sit me stort sett å leikar...prøvar å vere kreative, men i morgo skal det lesast plantelære- økologi og fysiologi. Gler meg faktisk! Skal bli rart å kjenne på korleis det er å vere student, med lesesal og pensumlesing.
Ha ein fin kveld.
Gratulerar Kristine Altin og Gro Elisabeth Valebjørg Galambos med dagen i dag!