fredag, mars 17, 2006

Koseleg å sjå at så mange har skrive helsingar på bløggen min. Det set eg pris på! Fortsett med det.

I dag har me hatt gjennomgang av modellstudiet vårt, der me presentera tre forslag i ein "mock-up modell". Spanande å sjå alle forslaga til resten i klassa. Mykje bra!

Var på ei forelsing i emnet tendensar i landskapsarkitektur i dag. Gjesteforelesar Todd Saunders, arkitekt frå Cananda. Svært inspirerande presentasjon av ulike prosjekt. Særleg to eg la godt merke til, legg ved bilete av desse. Utruleg kult! Dei som har litt interesse for arkitektur, bruk av tre, men samstundes er litt motstandar av hus som kun ser ut som firkanta kasser med flatt tak, bør sjå på www.saunders.no.

Avslutta dagen med spinning 2, der alt frå tekno til Dovregubbens hall vart spela. Knall time!

I morgo skal eg for andre gong i mi tid som student, sitje på lese sal. Som Camilla kommenterte , sit me stort sett å leikar...prøvar å vere kreative, men i morgo skal det lesast plantelære- økologi og fysiologi. Gler meg faktisk! Skal bli rart å kjenne på korleis det er å vere student, med lesesal og pensumlesing.

Ha ein fin kveld.

Gratulerar Kristine Altin og Gro Elisabeth Valebjørg Galambos med dagen i dag!

2 Comments:

Anonymous Nils Kristian og Merethe said...

Hei! Visste ikkje heilt kor me skulle skrive her, men haapar at det gjeng bra med nokre linjer her. Dette er ei helsing fraa Nils og Merethe paa ferie i Vancouver. Kjempe stas! Turistlivet er litt slitsamt, tidleg opp og tidleg i seng. Det blir hyggeleg aa sjaa ditt blide aasyn att! Ha ein framleis fortreffeleg dag!

Hjartlege helsingar fraa Nils Kristian og Merethe

5:36 AM  
Anonymous Merethe og Nils said...

Hei!

Ei lita helsing til fraa Vancouver. Ville berre seie at Erik og Marit har blitt foreldre til tvilingar, to gutar!!!

Tudelidu!!!

3:11 AM  

Legg inn en kommentar

<< Home